04/08/2026
Kvinnehelse har altfor lenge vore noko vi snakkar om utan at det alltid gir endring i kvardagen. No treng vi handling som merkast: hos fastlegen, pÄ sjukehuset, i arbeidslivet og i heile landet, ikkje berre i dei stÞrste byane.
For oss i Senterkvinnene handlar kvinnehelse om likestilling, tryggleik og nÊrleik til tenester. NÄr tilbod blir sentraliserte, ventetidene blir lange, eller fÞde- og barselomsorga blir svekka, rammar det kvinner hardt, sÊrleg i distrikta.
FrÄ ord til handling betyr:
đTa kvinneplager pĂ„ alvor tidleg. Endometriose, PMOS, overgangsplager, bekkensmerter og fĂždselsrelaterte skadar skal mĂžtast med kunnskap, respekt og raskare utgreiing, ikkje bagatellisering.
đStyrke fĂžde- og barselomsorga. Nok jordmĂždrer, trygg bemanning og god oppfĂžlging etter fĂždsel, bĂ„de fysisk og psykisk.
đMeir forsking og betre data pĂ„ kvinnehelse. Vi treng kunnskap som faktisk blir brukt i behandling og retningslinjer.
đEi helseteneste nĂŠr folk. Sterke lokalsjukehus, ei fastlegeordning som fungerer, og jordmortenester i kommunane.
Kvinnehelse mÄ inn i prioriteringane og budsjetta ikkje berre i festtalar. NÄr kvinner fÄr rett hjelp til rett tid, styrkar vi familiane, arbeidslivet og lokalsamfunna.
Kva er det viktigaste tiltaket for kvinnehelsa der du bur? Del gjerne innspel.