Gloppen kommune

Gloppen kommune Velkomen til Gloppen kommune si offisielle side på Facebook Denne sida vil vi bruke til å formidle litt av det som skjer i Gloppen.

Vi vil også kunne svare på spørsmål frå dei som lurer. Vi driv ikkje sakshandsaming her, så om du har spørsmål knytt til konkret sak, må du kontakte kommunen direkte.

17/07/2026

I år kan du oppleve Breimsvatnet fra sjøsida. I et unikt samarbeid mellom Jølster Boat Tours, Gordon Hotel og Kandal er det skapt ein heilt spesiell oppleveving i fire veker denne sommaren.

Dette er meir enn ein båttur. Det er ei reise gjennom vakker natur, levande kulturhistorie og spor etter Den Trondhjemske Postvei – den gamle ferdselsåra som i si tid batt bygdene saman over Breimsvatnet.
Båten går mellom Reed og Kandal med oppsette rutetider lørdagar og søndagar.

Ønsker du ein roleg tur med din kjære, familie, vennar eller kollegaer? Da kan båten også bookast til private opplevingar i vekedagene.

Dette er ein sjeldan anledning til å oppleve Breimsvatnet slik generasjonar før oss gjorde.
Tilbodet varer i fire veker, så nytt høvet medan båten går!

For rutetider, priser og bestilling: https://jolsterboattours.no/nn/breimsvatnet

Då er vi i gang! I 4 veker framover blir det gratis aktivitetshall for barn, unge og foreldre i Trivselhallen frå kl 12 ...
14/07/2026

Då er vi i gang! I 4 veker framover blir det gratis aktivitetshall for barn, unge og foreldre i Trivselhallen frå kl 12 – 17.

Aktivitetsleiar som hjelper til med aktivitetar.
Born under 10 år må ha følgje med ein vaksen.

Velkommen!

Denne sommaren tilbyr Trivselshallen Bad og Idrett eit nytt tilbod til barn og unge.

Saman skapar vi framtidas heimeteneste - vil du vere med?Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ønskjer ein variert, mei...
14/07/2026

Saman skapar vi framtidas heimeteneste - vil du vere med?
Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ønskjer ein variert, meiningsfull og fagleg spennande arbeidskvardag? Då håpar vi du vil bli ein del av laget vårt!
Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Som tilsett hos oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.Vi legg stor vekt på kompetanseutvikling og arbeidsmiljø for å vere i stand til å gje eit best mogleg tilbod til våre tenestemottakarar. Vi gjev tenester til alle aldersgrupper

Vi har ledig 100 % fast stilling, tredelt turnus.

Sjå utlysing og søk på stillinga her; https://57883800.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/5152327023?language=nn&link_source_id=0

Eigedomsavdelinga har ansvar for drift, vedlikehald og reinhald av kommunen sine bygningar. Avdelinga har om lag 25 årsv...
13/07/2026

Eigedomsavdelinga har ansvar for drift, vedlikehald og reinhald av kommunen sine bygningar. Avdelinga har om lag 25 årsverk, der seks årsverk er knytte til vaktmeistertenesta.
Vi har ledig 100 % fast stilling som driftsleiar for vaktmeistertenesta. Som driftsleiar får du ei sentral rolle i å planleggje, koordinere og utvikle den daglege drifta av kommunen sine bygg. Stillinga kombinerer driftsansvar med praktisk deltaking i vedlikehaldsarbeidet, og passar for deg som trivst med både koordinering og operative oppgåver.
Sjå utlysinga og søk på stillinga her: https://57883800.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/5154128552?language=nn&link_source_id=0

08/07/2026

Gloppen opplæringssenter startar kveldskurs i norsk 25.august. Kurset passar for dei som har lært litt norsk frå før, og varer til 8.desember.

Adresse

Sandane
6823

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:45
Tirsdag 08:00 - 15:45
Onsdag 08:00 - 15:45
Torsdag 08:00 - 15:45
Fredag 08:00 - 15:45

Telefon

+4757883800

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gloppen kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Gloppen kommune:

Snarveier

Del