Sogn friluftsråd

Sogn friluftsråd Meir friluftsliv for alle - heile året! Vik - Sogndal - Aurland - Lærdal - Årdal - Luster

PÅMELDINGA TIL FRÅ FJELL TIL FJORD OPNAR I KVELD KL. 18.00! 🔥Frå fjell til fjord er ein gratis friluftsfestival for ungd...
28/05/2026

PÅMELDINGA TIL FRÅ FJELL TIL FJORD OPNAR I KVELD KL. 18.00! 🔥
Frå fjell til fjord er ein gratis friluftsfestival for ungdom i 7.–10. klasse i Sogn 🌿
Her får du to dagar fulle av aktivitetar, nye opplevingar, teltliv og god stemning ved fjorden. Du kan mellom anna prøve aktivitetar som sykling, paintball, fisking, skyting og mykje meir – og på kvelden blir det silent disco 🪩 Meir informasjon finn du her: https://www.sognfriluftsrad.no/.../fra-fjell-til-fjord
Det er rundt 100 plassar, så det gjeld å vere rask når påmeldinga opnar 👀
Påmelding: https://sogn-friluftsrad.hoopla.no/event/1078673256

Her er dei flotte instruktørane på friluftskulen i sommar! I dag har vi hatt livredningskurs i vatn med  🙌 No er vi klar...
26/05/2026

Her er dei flotte instruktørane på friluftskulen i sommar! I dag har vi hatt livredningskurs i vatn med 🙌 No er vi klare for seks veker med friluftskule i vatn og på land🌳🌊

No nærmar det seg 🌿☀️Onsdag 27. mai kl. 18.00 opnar påmeldinga til årets Friluftskular!Gjennom sommaren fyller vi dagane...
22/05/2026

No nærmar det seg 🌿☀️
Onsdag 27. mai kl. 18.00 opnar påmeldinga til årets Friluftskular!

Gjennom sommaren fyller vi dagane med leik, utforsking, meistring og ekte friluftsglede – frå bål og turar til aktivitetar, nye vennskap og opplevingar ute i naturen 🛶🔥🌲

Sjå filmen og få eit lite glimt av alt som ventar i løpet av vekene – kanskje er dette sommarens kjekkaste eventyr?

Her er lenka til påmeldinga:
https://sogn-friluftsrad.hoopla.no/

🇳🇴 Me i Sogn Friluftsråd vil ynskje alle i Sogn ei strålande 17. mai-feiring! 🇳🇴Helga ser lovande ut, og det ligg godt t...
15/05/2026

🇳🇴 Me i Sogn Friluftsråd vil ynskje alle i Sogn ei strålande 17. mai-feiring! 🇳🇴

Helga ser lovande ut, og det ligg godt til rette for å auke talet ytterlegare på dei over 1000 Stikk UT!-turane de har registrert sidan 1. mai.
Det er kjekt å sjå at det gode tilbodet som lag- og organisasjonar legg ned så mykje arbeid i, blir brukt og sett pris på🙌

God feiring og god tur! 🇳🇴🏔️

Onsdag 6. mai hadde vi vår aller første dugnad i Eidet. Åtte personar bidrog, og vi fekk gjort mykje på kort tid. No er ...
11/05/2026

Onsdag 6. mai hadde vi vår aller første dugnad i Eidet. Åtte personar bidrog, og vi fekk gjort mykje på kort tid. No er det klargjort for stabling av ved, stokkar er kutta opp til å kløyvast, i tillegg til at det vart gjort ein formidabel ryddejobb i Sagi👏

Vi har også mange gode hjelparar med ull som arbeidar på graset i nokre veker no på vårparten🐑

Takk til alle som bidrog på dugnaden, neste gong håpar vi å sjå deg også🥳

🌿🚶‍♀️ Stikk UT! Sogn opnar 1. mai! 🚶‍♂️🌿Sogn friluftsråd gler seg til å sparka i gong ein ny sesong med Stikk UT! Sogn o...
30/04/2026

🌿🚶‍♀️ Stikk UT! Sogn opnar 1. mai! 🚶‍♂️🌿
Sogn friluftsråd gler seg til å sparka i gong ein ny sesong med Stikk UT! Sogn og 1. mai er vi klare! 🙌
Frå denne dagen kan du igjen registrera turane dine i Stikk UT! appen i kommunane Vik, Sogndal og Luster. Enten du er ute etter korte kvardagsturar eller lengre toppturar, ligg alt til rette for mange fine naturopplevingar i vakre Sogn.
👉 Hugs også å følgja med på dei spanande StikkUTfordringane som kjem gjennom sesongen! Her blir det sett opp ulike turmål og utfordringar med moglegheit for å vinna flotte premiar 🎁
Knyt på deg skoa, få frisk luft i lungene og bli med på tur. Vi gler oss til å sjå deg ute! 🌄
Stikk UT Norge
IL Fanaråk IL Bjørn Luster Idrettslag Luster kommune Luster Frivilligsentral Sogndal Frivilligsentral Sogndal kommune Norane IL Syril Balestrand frivilligsentral Vener av Balestrandfjella Vik kommune Kaupanger idrettslag
IL Modig Vik Ride- og Køyreklubb Vik IL

Me takkar for tilliten og gler oss til å ta fatt på arbeidet! 🙌- 200 000 kr til Ungdom i natur 2026🤿- 200 000 kr til Tur...
16/04/2026

Me takkar for tilliten og gler oss til å ta fatt på arbeidet! 🙌

- 200 000 kr til Ungdom i natur 2026🤿

- 200 000 kr til Tur med meining🌊

- 400 000 kr til sikring og rehabilitering av grunnmur på våningshuset som del av utviklinga av Eidet som friluftsområde for ålmenta🏡

Sjekk nettsida vår for meir info om dei ulika prosjekta!

I samband med Aksel Hennie-arrangementet i Sogndal tysdag kveld, vart det totalt delt ut 2,5 millionar kroner til lag og organisasjonar i Sogn.

08/04/2026

Meir læring, meir rørsle – og meir ute 🌿

Stadig fleire skular i regionen tar del i satsinga "Læring i friluft", eit utviklingsarbeid for skular som ønskjer å arbeide systematisk med å ta undervisninga ut – og bruke naturen og nærmiljøet som ein integrert del av opplæringa.

Gjennom kursing og oppfølging får lærarar:
✔ styrkja kompetanse i å planleggje og gjennomføre undervisning ute
✔ støtte til å utvikle god praksis over tid
✔ høve til å samarbeide og dele erfaringar med andre skular i regionen

Ta ein titt på videoen for å få eit lite innblikk i erfaringar skuler rundt omkring i landet har gjort seg med prosjektet tidlegare.

Det er framleis nokre ledige plassar, vi din skule vere med?

Gjevande å få bidra til å inpirere kring natur og samarbeidsklima, saman med Skogselskapet i Sogn og Fjordane. To spenna...
11/02/2026

Gjevande å få bidra til å inpirere kring natur og samarbeidsklima, saman med Skogselskapet i Sogn og Fjordane. To spennande kveldsarrangement saman med dyktige fagfolk, formidlarar og publikum🌲

Adresse

Trolladalen 30
Sogndal
6856

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sogn friluftsråd legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sogn friluftsråd:

Del