Sogndal bibliotek

Sogndal bibliotek Sogndal bibliotek er hovudbiblioteket i Sogndal kommune. Biblioteket ligg i Sogndal kulturhus.

🌈 Pride-månaden på Sogndal bibliotek 🌈Denne månaden markerer Sogndal bibliotek Pride- månaden med glede, openheit og fei...
02/06/2026

🌈 Pride-månaden på Sogndal bibliotek 🌈
Denne månaden markerer Sogndal bibliotek Pride- månaden med glede, openheit og feiring av mangfaldet i samfunnet vårt.
Gjennom heile juni månaden har vi bokutstillingar med skeiv litteratur og bøker som løftar fram ulike perspektiv, identitetar og livserfaringar. Her finn du forteljingar som skaper forståing, engasjement og gjenkjenning – for både store og små.

Vi ønskjer alle velkomne til biblioteket for å utforske litteratur som feirar mangfald, fellesskap og retten til å vere seg sjølv.
God Pride-månad! ❤️🧡💛💚💙💜

På biblioteket er det plass til alle.

Sommarles er i gang! 🌞📚🌸Alle barn frå 1. til 7. klasse kan vera med på denne kjekke lesekampanjen, som varer frå 1. juni...
01/06/2026

Sommarles er i gang! 🌞📚🌸
Alle barn frå 1. til 7. klasse kan vera med på denne kjekke lesekampanjen, som varer frå 1. juni til 31. august.

Barna som registrerer seg sommarles.no får etter kvart premiar dei kan henta på biblioteket, i tillegg til digitale trofe inne på nettsida. Dei får også tilgang til årets sommarlesforteljing, "Farlege skurkestrekar", skriven av Mari Moen Holsve.

Sommarles er for alle, både dei som les mykje, dei som øver seg på å lesa, dei som blir lesne for eller høyrer på lydbøker. All lesing tel!

Finn ut meir på sommarles.no 📚🌸

Frå måndag 1. juni er det sommartid i biblioteket!Me går over til noko kortare opningstider:Måndag, tysdag, onsdag og fr...
30/05/2026

Frå måndag 1. juni er det sommartid i biblioteket!
Me går over til noko kortare opningstider:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag: kl. 10-15
Torsdag: kl. 12-18
Laurdagar held me stengt.

Les meir her:
https://sogndalsbiblioteka.no/2026/05/sommartid-i-biblioteka/

Sommarlesarar og andre er velkomne!

1. juni - 22. august er det sommartid i biblioteket i Sogndal. Informasjon om ferieavvikling i Balestrand og Leikanger kjem.

Nedteljinga til Sommarles 2026 er i gang! 🥳📚Måndag 1. juni brakar det laus! Då kan alle barn frå 1. til 7. klasse (inklu...
22/05/2026

Nedteljinga til Sommarles 2026 er i gang! 🥳📚
Måndag 1. juni brakar det laus! Då kan alle barn frå 1. til 7. klasse (inkludert dei som er skulestartarar) delta på sommarles.no.

Me gler oss til ein ny lesesommar! 📚🌞

For ein varm og sterk kveld me fekk på biblioteket i går.Tusen takk til alle som kom på lanseringa av «Meteord» saman me...
22/05/2026

For ein varm og sterk kveld me fekk på biblioteket i går.
Tusen takk til alle som kom på lanseringa av «Meteord» saman med debuterande diktforfattar Kari Rannveig Hellevang. Gjennom opplesing, samtale og nærver fekk me bli med inn i ei modig og ærleg reise gjennom sjukmelding, krise og ei seindiagnose som endra alt.
Kari Rannveig, oppvaksen i Sogndal og no tilbake etter mange år i Spania, delte dikt og tankar som rørte mange av oss. Orda hennar trefte – stille, sterkt og ekte.
– «Eg skriv, difor ser eg» sa ho sjølv. Det vart ei påminning om kor stor kraft er i litteraturen, og kor mykje litteratur kan opne, spegle og setje ord på.

Me er så glade for at så mange ville vere med og avslutte arrangementssesongen vår før sommaren på denne måten 🌿

Og ikkje minst – hjarteleg gratulerer til Kari med den aller første diktboka di 🩷❤️🧡

Me avsluttar arrangementssesongen før sommaren med brask og bram! Set av torsdag kveld og møt debuterande diktforfattar ...
19/05/2026

Me avsluttar arrangementssesongen før sommaren med brask og bram! Set av torsdag kveld og møt debuterande diktforfattar
Kari Rannveig Hellevang med den første diktboka hennar, «Meterord».
Bli med oss på biblioteket torsdag 21. mai kl. 19 og høyr på ord som treff...

Knut Jørgen Røed Ødegaard tok oss med på ei reise ut i verdsrommet, i tid og rom, i framtid og fortid💫 Takk til Knut Jør...
12/05/2026

Knut Jørgen Røed Ødegaard tok oss med på ei reise ut i verdsrommet, i tid og rom, i framtid og fortid💫

Takk til Knut Jørgen for ein engasjerande og kunnskapsfull kveld, med kosmiske mysterier i fleng, med stjernemateriale, solformørkingar og astroidestormar!

Gratulerer med nynorskdagen 12. mai!
12/05/2026

Gratulerer med nynorskdagen 12. mai!

Kom til biblioteket i kveld kl. 19 og møt Knut Jørgen Røed Ødegaard!
11/05/2026

Kom til biblioteket i kveld kl. 19 og møt Knut Jørgen Røed Ødegaard!

Adresse

Kulturhuset/Postboks 154
Sogndalsfjøra
6851SOGNDAL

Åpningstider

Mandag 13:00 - 19:00
Tirsdag 10:00 - 16:00
Onsdag 10:00 - 16:00
Torsdag 13:00 - 19:00
Fredag 10:00 - 16:00
Lørdag 10:00 - 14:00

Telefon

+4757629660

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sogndal bibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sogndal bibliotek:

Del