Kvemmadokkje Husmannsplass

Kvemmadokkje Husmannsplass Kvemmadokkje Husmannsplass

Ein husmannsplass på garden Børsheim i Ulvik i Hardanger. Siste husmannem dreiv til om lag 1930. Plassen er restaurert.

Kvemmadokkje er ein husmannsplass på garden Børsheim i Ulvik. Den ligg ca. 200 m vest for hovudtunet. Første husmannen kom frå Kvam, kvemming. Plasset ligg i eit dokk, eit søkk. Derav namnet Kvemmadokkje. Ein husmann var ein som leigde jord hjå ein gardbrukar. Første husmannen Johannes Arnesson Ålvik kom frå Kvam og festa plasset i 1823. Gunnar Børsheim frå Bergo overtok plasset i 1869. Han gifte

seg med Ingebjørg frå Bagne.Dei fekk 12 born. I 1880-åra bygde dei på husa slik dei står i dag. Yngste dottera Gurid som var utdanna skreddar i Bergen busette seg på plasset i 1920-åra for å stella foreldra. Dei døydde kring 1930. I 1935 vart plasset nedlagt og overteke av hovudbruket. Gurid som var ugift fekk rett til å bu der i si levetid. Ho budde der til 1967 og døydde i 1971. Då overtok hovudbruket husa. I 1970-åra vart det gjort noko vedlikehaldsarbeid på plasset, m.a. vart det lagt platetak på stovehuset. Kring år 2000 var det tid for ei større utvendig restaurering av plasset. Grunnarbeid, oppattmuring av gråsteinsmurane, ny kledning og nytt rastatak på stovehuset. Arbeidet vart støtta med kulturvernmidlar frå Ulvik herad og kulturlandskapsmidlar frå Fylkesmannen i Hordaland. Innvendig er husa slik dei var då husmannsfolket budde der. Me ynskjer at plasset skal fortelja litt om korleis husmannsfolket hadde det. Seinare har vatn og avløp med nytt kjøken og sanitæranlegg gjort det mogeleg å nytta plasset betre til tilskipingar m.m. Der er også høve til overnatting. Husmannsplassen vert årleg nytta til større konsertar og framsyningar. Siste året er det også kome til eit grindbygg som både kan vera selskapslokale, møterom og scene for kulturaktivitet. Toril Lunde Børsheim
Johan Børsheim

Plakaten er klar og heng snart på eit hjørna rundt der du går - men, me legg den ut her for deg som bur både her og der....
08/05/2026

Plakaten er klar og heng snart på eit hjørna rundt der du går - men, me legg den ut her for deg som bur både her og der.

Me gler oss til ODD NORDSTOGA med band // The Nordic Fiddlers Bloc // Silje Skare Storhei // Kvitanesen skal underhalda laurdag 11.juli.
Billettane ryk som aldri før! Har du sikra deg? I år må me nok setja eit tak for publikumstalet - slik at alle som kjem får ei god oppleving i Kvemmadokkje 🤠

Visste du at det går buss frå både Voss og Lofthus - og frå Brakanes i Ulvik - direkte til Kvemmadokkje? I samarbeid med Voss Sparebank kan du ta Bankbussen til ein rimeleg penge som fraktar deg til og frå konsert. Sutalaust opplegg! Bussen frå Voss er straks full, men me set truleg opp ein til..

Velkomne! Me gler oss til å sjå deg 😊

08/05/2026
Han her og bandet kjem mellom anna til oss i Ulvik i sommar. Stas!Billettsalet går unna som aldri før - sikre deg ein pl...
06/05/2026

Han her og bandet kjem mellom anna til oss i Ulvik i sommar. Stas!
Billettsalet går unna som aldri før - sikre deg ein plass i 'dokkje i godt lag🤠

Har fått med meg bandet mitt og jamen skal me ut på tur i sommar. Me sjåast ute i sola! ☀️

09/04/2026

Odd Nordstoga med band.
The Nordic Fiddlers Bloc.
Silje Skare Storhei.
Kvitanesen.
Konsert med fullspekka program klart i Kvemmadokkje. Laurdag 11.juli.
Billettar på kvemmadokkje.ticketco.events

08/04/2026

TILBAKEBLIKK:

Sigrid Moldestad Music med band, koring av bygdakoret vårt Songria. Frå konserten i Kvemmadokkje 2024.
Nyt :-)

Lyd: Sprilt
Foto: Front Film

Stor stas å få god omtale av Kvemmadokkje då Kulturministeren vitja NRK P2 i dag 🙏😊
16/08/2025

Stor stas å få god omtale av Kvemmadokkje då Kulturministeren vitja NRK P2 i dag 🙏😊

· Kulturminister Lubna Jaffery er gjest (foto: Cornelius Poppe/NTB) · Melafestivalen har hatt Oslos største publikum · Tre norske i Dronning Sonjas Internasjonale Sangkonkurranse · Oslojazz Talent lar de yngste musikerne spille

For ein flott dag og kveld det vart i Kvemmadokkje i år! Denne lagrar me i minneboka 😎Takk til alle som kom og såg og ly...
13/08/2025

For ein flott dag og kveld det vart i Kvemmadokkje i år! Denne lagrar me i minneboka 😎

Takk til alle som kom og såg og lytta. Takk til alle artistane som leverte heilt topp frå scena!
Takk til Kulturministeren for at du tok turen til Kvemmadokkje 🙏🤩

Takk til lydmann Ørjan for suveren lyd 👌

Takk til alle gode hjelparar som bidrog til gjennomføringa. ❤️

Takk til gode støttespelarar i Voss Sparebank, Ulvik herad, Logolink A/S, Brakanes Hotel og SPRiLT 🙌

Me gler oss over nok ein flott konsertkveld i tunet - og ser fram til neste år!

Mbh
Vertskapet

Foto: Arturas Gailius

Adresse

Byrsevegen 100
Ulvik
5730

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvemmadokkje Husmannsplass legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kvemmadokkje Husmannsplass:

Del