Grannehjelpa

Grannehjelpa Frivilligsentralen i Kvam

Formål:
• Frivilligsentralen skal vere ein lokalt forankra møteplass som er open for alle med lyst til å vere med på frivillig verksemd.
• Sentralen skal utviklast av dei menneska som er knytte til sentralen.
• Sentralen skal vere eit kraftsenter og kontaktpunkt for menneske, foreiningar/lag og det offentlege.

Onsdag køyrde Karatrakk til Solhaug, og gjekk derifrå til maste, og nedatt ein litt annar veg. Overskya opphaldsvær oppo...
04/06/2026

Onsdag køyrde Karatrakk til Solhaug, og gjekk derifrå til maste, og nedatt ein litt annar veg. Overskya opphaldsvær oppover, men litt regn nedover. Noko vind utsette stader. Mildt, ca. 18-19¤C. Me var 8 karar denne gongen.

Bli med på den store bytedagen for barn! 🥳Innlevering av klede, sko, utstyr og leiker kan gjerast på Gamleskulen på Norh...
01/06/2026

Bli med på den store bytedagen for barn! 🥳
Innlevering av klede, sko, utstyr og leiker kan gjerast på Gamleskulen på Norheim tysdag 2. og 9. juni kl. 17-18, eller
onsdag 3. og 10. juni kl. 13.30-15.30.
Alt ein leverer inn må vera heilt, REINT, og i fin stand.
Sjølve bytedagen vert søndag 14. juni.
Bli med! 🤗

I dag var me ein gjeng frå Grannehjelpa som fekk vera frivillige under Øystese Cup 2026. 👏🏻 me fekk dela ut premier til ...
31/05/2026

I dag var me ein gjeng frå Grannehjelpa som fekk vera frivillige under Øystese Cup 2026. 👏🏻 me fekk dela ut premier til alle laga som har vore i sving i dag 🥳 imponert over Øystese Fotball og all dugnadsinnsatsen som vert lagt ned desse to helgene 💪🏻💪🏻 Detta var eit kjekt oppdrag og me er klare for Øystese Cup 2027 😉

Onsdag denne veko køyrde Karatrakk til Lussand, og gjekk derifrå til Fossdal (Lussandstølen), der me hadde nistepause. S...
31/05/2026

Onsdag denne veko køyrde Karatrakk til Lussand, og gjekk derifrå til Fossdal (Lussandstølen), der me hadde nistepause. So gjekk me nedatt same vegen. Deretter fekk me koma ned i naustet til bonden på Lussand, og fekk sjå oss rundt på det heimelaga museet, medan han fortalde om historia til tingene der. For det meste overskyet opphldsvær. Litt solglytt. Litt yr på nedovervegen. Ein kjølig vind utsette steder. Ca. 6 krr.

Siste Høyrselhjelp før sommarferien! ☀️Torsdag 4. juni og torsdag 18. juni kl. 10-12.Kom innom Grannehjelpa for å få hje...
28/05/2026

Siste Høyrselhjelp før sommarferien! ☀️
Torsdag 4. juni og torsdag 18. juni kl. 10-12.
Kom innom Grannehjelpa for å få hjelp med høyreapparat, eller kjøpa filter og anna utstyr.
Ein treng ikkje tinga time på førehand - berre møt opp. Om det vert litt ventetid, har me kaffi på kanna. ☕️
Velkomen innom! 😊

Grannehjelpa sine turgrupper skipar til sommartur til Telavåg - med middag! - og det for berre 400 kr,- per person. Best...
27/05/2026

Grannehjelpa sine turgrupper skipar til sommartur til Telavåg - med middag! - og det for berre 400 kr,- per person. Best av alt, kven som helst kan vera med - om du har gått med turgruppene før eller aldri ei gong har vurdert det!
Hugs berre å melda deg på seinast 9. juni! Ta kontakt med Helena på telefon: 480 72 456 eller per e-post: [email protected]
Meld frå om du vil gå på Nordsjøfartmuseet ELLER om du vil gå tur til Selstøbuene og Selstøkverna ved påmelding. Meld også frå om eventuelle allergiar eller matintoleransar.
Merk, at dersom du ynskjer å vitja Nordsjøfartmuseet, lyt du kjøpa inngangsbilletten sjølv (110 kr,- per person dersom de blir meir enn 20 personar, 130 kr,- per person utan grupperabatt).
Velkomen med på tur! 🤗

22/05/2026

Me treng ein handleven/ shoppingpartner💃🏼 noko for deg?? Gje meg ein lyd på tlf: 901 22 688 👍🏻 og riktig god pinse 🤗

Karatrakk køyrde til Kvamskogen onsdag, og gjekk ein runde frå Byrkjesete og nesten til Bjørje, og tilbake ein litt anna...
21/05/2026

Karatrakk køyrde til Kvamskogen onsdag, og gjekk ein runde frå Byrkjesete og nesten til Bjørje, og tilbake ein litt annan veg. Me bomma litt på stien og rota oss litt vekk, so me nådde ikkje heilt fram til Bjørje. So vidt litt solglytt, og litt yr på siste halvdelen, men helst overskya opphaldsvær. Litt vind enkelte stader, men ikkje so kald. Ca. 14¤C. 7 karar.

Skulle du helst hatt orden på høyreapparatet før pinsehelga? Frykt ikkje! Høyrselhjelpa har nemleg vakt allereie fyrstko...
18/05/2026

Skulle du helst hatt orden på høyreapparatet før pinsehelga? Frykt ikkje! Høyrselhjelpa har nemleg vakt allereie fyrstkomande torsdag, den 21. mai! Kom innom mellom kl. 10 og 12 for å få hjelp med høyreapparat, kjøpa filter og anna utstyr, eller låna samtaleforsterkar. 🦻
Det er ikkje naudsynt å tinga time på førehand - berre møt opp. Vert det litt ventetid, har me sofa de kan sitja i, og kaffi på kanna. ☕️🍪
Velkomen innom! 🤗

Denne onsdagen (før Kr. Himmelfartsdag) køyrde Karatrakk til Bjørke, og gjekk derifrå til Bjørkeveten, der me hadde nist...
14/05/2026

Denne onsdagen (før Kr. Himmelfartsdag) køyrde Karatrakk til Bjørke, og gjekk derifrå til Bjørkeveten, der me hadde nistepause. So gjekk me til Nyasete, og vidare nedatt til Bjørke. Noko overskya og noko solskin. Litt vind på toppane. Ca. 10-11¤C. Fint turvær. 8 karar.

Adresse

Sandvenvegen 1
Norheimsund
5600

Åpningstider

Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 15:00

Telefon

+4790122688

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Grannehjelpa legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Grannehjelpa:

Del